Har du lyst til å vera med å spela langeleik helga 24. – 25.oktober? Då er du velkomen til Eidsvoll den helga! Vi møtest til ei uformell samling med utveksling av låttar, tips og oppdatering av eventuelt gløymde kunster.

Program
Laurdag 24.10.:
10.00- 11.00: Frammøte
11.00 – 17.00: Speling i grupper, deling av låttar, instruksjon. Lunsjpause midt på dagen.
19.00: Middag. Vi reserverer bord på ein restaurant til eigen kostnad for dei som ynskjer det.

Sundag 25.10.
10.00 – 12.00: Spel
13.00: Lunsj på Wergelands café til eigen kostnad. Guida tur i Eidsvollbygningen for dei som ynskjer det.

Overnatting: Næraste hotell er Best Western Letohallen hotell på Dal.
Pris: 200 kr som dekkjer lunsj laurdag, kaffe og «pausegodt» og eventuelle administrative utgifter.
Påmelding til Anja Hegge Nilssen eller Gunvor Hegge innan 15. oktober.