Norsk langeleikforum
Norsk langeleikforum ble stifta 25. juli 2009 under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes for å fremme bruken og interessa for langeleiken. Vi har som mål å vera ein møtestad for utøvarar, instrumentbyggjarar og andre med interesse for langeleiken. Norsk langeleikforum skal arbeide for å ta vare på, vidareføre og formidle kunnskap om spel og instrument. Forumet skal òg arbeide for å gjera kunnskapen synleg og tilgjengeleg, med tanke på å auke kunnskapsnivå og interesse for langeleiken.
Vedtekter for Norsk langeleikforum
§ 1 Føremål
Norsk langeleikforum (stifta i 2009) har som mål å vera ein møtestad for utøvarar, instrumentbyggjarar og andre med interesse for langeleiken. Norsk Langeleikforum skal arbeide for å ta vare på, vidareføre og formidle kunnskap om spel og instrument Forumet skal òg arbeide for å gjera kunnskapen synleg og tilgjengeleg, med tanke å auke kunnskapsnivå og interesse for langeleiken.
§ 2 Tilknytning
Norsk langeleikforum er ein sjølvstendig og frittståande organisasjon.
§ 3 Lagsverksemd
Norsk langeleikforum skal skipe til samlingar, seminar, konserter og drive opplæringsarbeid gjennom kurs, gjerne i tilknytning til arrangement og/eller i samarbeid med andre organisasjonar.
Samlingane skal planleggjast, tilretteleggjast og gjennomførast av arbeidsgrupper i samarbeid med styret. Arbeidsgruppene skal heile tida halde styret orientert om arbeidet sitt og skal ha styret si godkjenning for dei økonomiske disposisjonane.
§ 4 Styret
Styret skal vera samansatt av ein leiar og fire styremedlemmer, som blir valde av årsmøtet.
Leiaren blir vald for eitt år. Styremedlemmene blir valde for to år, slik at to av dei er på val kvart år. Det skal òg veljast to varamedlemmer til styret. Revisor blir vald for eitt år.
Oppgåvene til styret er å:
Ha overordna ansvar for samlingane
Oppnevne arbeidsgrupper for samlingane og heile tida halde seg orientert om arbeid og budsjett.
Førebu årsmøtet og leggje fram årsmelding, rekneskap og framlegg til arbeidsprogram og budsjett.
Drive nettsida og kontrollere dokument og informasjon som skal leggjast ut på heimesida og intranett.
Informere medlemmene gjennom medlemsbrev og/eller via nettsida
Krevja inn og forvalte medlemspengane i tråd med arbeidsprogrammet som årsmøtet har vedteke.
§ 5 Årsmøtet
Årsmøtet skal haldast snarast råd i nytt rekneskapsår, helst i månadskiftet januar/februar, gjerne i kombinasjon med eit helgeseminar.
Framlegg til saker på årsmøtet skal vera styret i hende seinast fire veker før møtet, og dato for årsmøtet skal vera kunngjord seks veker før møtet. Alle saker til årsmøtet må vera oppført på sakslista. Denne skal gjerast kjend for medlemmene seinast to veker før årsmøtet.
Årsmøtet vel leiar, styre, revisor og valnemd, går gjennom årsmelding og rekneskap, vedtek medlemspengar og budsjett og drøfter langsiktig arbeidsplan og årleg arbeidsprogram.
Alle som har betalt medlemspengar og vore medlemmer i minst tre månader, har stemmerett på årsmøtet.
Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret finn det nødvendig, eller dersom 1/3 av medlemmene krev dette.
Valnemda skal bestå av tre personar, og blir valde for eitt år. Ein medlem blir skifta ut kvart år. Den som har sete lengst, er leiar i nemda.
§ 6 Heidersmedlem
Styret kan peike ut heidersmedlemmer av Norsk langeleikforum. Dette skal vere personar som gjennom lengre tid har arbeidd godt for langeleiken og langeleiktradisjonar.
§ 7 Endring av vedtekter
Vedtekter kan berre endrast på årsmøtet og med ¾ fleirtal.
§ 8 Oppløysing
Norsk langeleikforum kan berre oppløysast av årsmøtet med minst ¾ fleirtal. Forumet kan likevel ikkje oppløysast dersom minst fem medlemmer går imot det. Dersom forumet blir oppløyst, skal midlar og eiendom gå til ein norsk organisasjon eller institusjon med same formål, etter vedtak på årsmøtet.
Vedtatt på stiftingsmøte 25. Juli 2009, Flatigarden, Valdres Folkemuseum.