Langeleikseminar

Set av denne helga til triveleg samling og godt spel! Vi samlast i Tingbygningen på Hunn frå klokka 18.00 fredag 8. april til 16.00 laurdag 9. Her blir det låttebyte og spel i alle krokar. Kaffe/te, anna drikke og mat får du kjøpt for ein rimeleg sum, og kr. 50,-/pers. tek vi inn til husleiga. Rimeleg overnatting får du på Gjøvik Vandrerhjem Hovdetun tlf  61171011, som ligg like ved Tingbygningen. Sjå nettsida der for kart Ta med instrument ditt og kom! Og har du ikkje instrument så kan du låne her !

Snerten, kva er no det?

* Blekka frå Norsk Langeleikforum * Snertin – lett og kjapp på foten eller handa * Noko vi brukar til å spele på langeleiken med, no for det meste laga av kuhorn, men tidlegare og brukt snertlaga av Solidox plasttannbørste, helst RAUD * Plekter * Sprett blir brukt på Gjøvik, kanskje er/var dei meir spretne her?? * Trepinne til å spela med, Oud tyder tre og trepinne blir brukt som snert eller plekter til å spele på det arabiske instrumentet Oud * Fjøropinnin har det ove nemt som, tyder på at det kan ha vore brukt fuglefjør av td. gås. Orrfuglfjør fungerer og bra!