Stipend

Stipend til langeleikutøvarar og instrumentbyggarar

Norsk Langeleikforum har oppretta eit stipend til langeleikutøvarar og instrumentbyggarar i aldersgruppa 15 til 26 år. Kvart år blir det sett av minimum 5000 kroner i stipendmidlar.

Stipendet kan finansiere kurs, undervising eller anna som gir inspirasjon og kunnskap. Det kan også bli brukt til delfinansiering av innkjøp av instrument, eller utstyr til langeleik/instrumentbygging.

Søknaden må innehalde ei beskriving av erfaringa di med instrumentet og kva du ønsker å bruke stipendet til. Den som får midlar må sende ein rapport til styret i Norsk Langeleikforum som dokumenterer bruken av midlane. Dette må skje innan 2 år etter tildelinga. Søkarar må vere medlem av Norsk Langeleikforum. Søknaden blir behandla av ein fagjury på tre medlemmer oppnemnt av styret.

Søknaden sender du på e-post til: guri.s@online.no innan 1. november 2018. Stipendet blir delt ut på årsmøtet i 2018, som blir annonsert seinare.

Beste helsing,

Norsk Langeleikforum

Foto: Aleksander Andersen

Ingen automatisk alternativ tekst tilgjengelig.