Litt om langeleik i Vest-Agder

av Olaf Moen

For nokre år sidan kom det Vest-Agder Ungdomslag for øyre at treskjerar Nils Ro borti Kvinesdal hadde rekonstruert nokre gamle langeleikar frå Fjotland og Knaben. Nils hadde fått fatt i eit slitt eksemplar lokalt, samt at han hadde vore  kontakt med museer i Bergen, Oslo og Stockholm, fått avfotografert og teikna arbeidsteikningar.

Vi har nokre skriftlege kjelder som omhandlar langeleikspel i Vest-Agder. I Fjotland Sogebok står det at Gunnus-Torborg på Eiesland i Fjotland spelte langeleik, men det står ingenting om repertoaret hennar (Bakka mfl, 1990). Vi kan og lese i same bygdeboka om Asgerd Håland (f. 1800) som blei gift borti Sirdal. Ho hadde med langeleiken dit. Ho blei vekt ved Knud Spydavolls forkynning, og hogde sund langeleiken sin. Ho skal riktig nok ha trega det seinare, for ho kunne ha spelt salmar på han (Jerstad, 1949). Vi veit og at Tore Knaben (1692-1786) spelte både fele og langeleik. Han busette seg på Gibøen ved Møsvatn i Telemark, og er m.a. oldefar til den kjende spelemannen Håvard Gibøen I 1743 skriv og fogden Tostrup om folket i den nordlege delen av Kvinesdal, at «…de ere og lystigere end de ved Søsiden med Leg og Instrument Spil, saasom Langeleg, Lurhorn, Tromme og Fiol» (Jerstad, 1949). I kultursoga frå Fjotland er det skrive at dei i eit hus på Knaben ei tid i 1800-talet hang 7 feler og 2 langeleikar. Seks av sønene i huset kunne spele fele, og to døtrer langeleik (Veggeland, 1983). Paul Sveinall i Marnardal fortel og at det har vore spelt langeleik i det dalføret. Om det har vore eit utbreidd instrument og om det var populært veit vi ingenting om, og det er diverre ikkje bevart noko slåttemateriale, korkje på noter eller som opptak.

Attende til notida. Vest-Agder UL skjønte at dei måtte gjere noko, og fekk 50.000 kr frå Sparebanken Sør i Mandal, og fekk kjøpt 10 instrument av Nils Ro. For å kome i gong med dei, og pga av underteikna var blitt nokså rusten på spelinga, så fekk vi Kari Lønnestad i Telemark til å halde det første langeleikkurset. Ho leitte seg fram til ein god måte å stemme på, og lærte seg eit par lokale slåttar før ein gjeng spente langeleiknoviser fekk ein dags opplæring. Etter dette er det eg som har stått for all kursing på desse instrumenta. Vi har halde fleire kurs på Nordsjøfestivalen i Farsund og på storkursa til Vest-Agder Ungdomslag.

Det er nok ikkje andre enn eg som speler langeleik jamleg her sør. Men det er fleire som kjem att på kursa, og som lærar seg slåttar. Diverre er det ingen som held fram med spelinga utover kursa. Vest-Agder UL lånar ut instrument til dei som måtte vere interesserte. Alle instrumenta var i vår til ein lett oppjustering hjå felemakar Jarle Hagane, så dei er slett ikkje verst å spele på!

Langeleikane frå Fjotland og Knaben er av det gamle slaget; uthola av eitt trestykke. Det fint utskorne hovudet, gjerne med menneskeandlet, står i nesten rett vinkel på loket. Kroppen er asymmetrisk: Den sargen som vender mot spelaren er rett, medan den andre sargen er utsvinga. Skruvekassa er todelt og har fire stemmeskruvar, ein femte og sjette stemmeskruve går gjennom båe sargane. Strengene kjem då ut gjennom eit lite hol i loket og har følgjeleg om lag 1/3 kortare svingelengd enn dei andre strengene. Noko som er særmerkt med desse instrumenta er det sporet som notane er felte ned i. Denne måten å feste notane på kan ha gjort det mogleg å endre på tonerekka, utan at vi har prov for at dette har vore praktisert. Tonerekka er representativ for gamle langeleikar med m.a. ei rekke avvik frå den likesvevande, tempererte durskalaen (Bakka mfl, 1990).

Når det gjeld slåttemateriale, så har det vore naudsynt å overføre på best mogleg måte frå fele, og til dels munnharpe, til langeleik. Mykje av folkemusikken i Vest-Agder er nokså arkaisk, med gamle slåtteformer som ofte høver greitt for langeleik. Samstundes med dette har eg og arbeidd med å få Setesdalsmusikk over til langeleik. Det har vore tradisjon med langeleik over store delar av Aust-Agder og, vi har instrument både frå Setesdal og Froland, og skriftleg dokumentasjon frå fleire andre stader.

Kjelder:

Bakka, Egil; Seland, Brit; Vårdal, Dag (1990): Dansetradisjonar frå Vest-Agder
Jerstad, Johan (1949): Fjotland Sogebok
Veggeland, Tor (1983): Kultursoge frå Fjotland
Foto: May Linn Mersland, bilete frå storkurs: eige foto.

Olaf Moen, juni 2017